Vårt samfunnsoppdrag
Dagligvaretilsynet skal fremje ærleg og føreseieleg framferd og lojalitet i kontraktsforhold mellom næringsdrivande i daglegvarebransjen.
Vi skal handheve lov om god handelsskikk i dagligvarekjeda ved å rettleie bransjeaktørane og fatte vedtak når det er nødvendig. Vårt mål er å ivareta forbrukarane sine interesser ved å arbeide for ærleg og føreseieleg framferd og lojalitet i kontraktsforhold mellom kjeder og leverandørar.
Ein rettleiande part
Dagligvaretilsynet skal, så langt det er mogleg, utføre oppdraget om å ettersjå at lova blir etterlevd utan å ta i bruk sanksjonsmidlane som har heimel i lova. Oppnår ein ikkje løysingar gjennom dialog og rettleiing kan vi gi påbod og forbod for å overhalde lova sine bestemmingar eller bestemmingar gitt i medhald av lova.
Vi ønsker å bidra til at partene sjølve kan oppnå effektive forhandlingsløysingar, heller enn å diktere løysingane. Tilsynet skal fremje forslag til løysingar og gje rettleiing som kan føre til at lova blir fulgt og konfliktar løyst. Vi skal ha god kommunikasjon med aktørane i bransjen, og halde høg kvalitet i saksbehandlinga.
Rapportar og strategi
Bli bedre kjend med vårt samfunnsoppdrag, korleis vi jobbar og kva vi har oppnådd her.